onsdag 1. april 2009

San Francisco Mars 2009



Har akkurat vore 4 dagar i SF på GDC.

Vil samle all ikkje-GDCrelatert materialet i denne posten (les om det på grindar.blogspot.com). Flyturen bort var som andre lange flyturar. Bra utval på in-flight entertainment, greit å få tak i nok drikke, maten var frå ok til ganske dårleg. Flyturen tilbake er forsinka med 3 timar, så eg sit
no og skriv i avgangshallen medan vi ventar på at den eine startmotoren skal skiftast. Ja ja.

Eg gløymde kamerabagen min på flyet på vegen bort, og det var ikkje så lett å få tak i den. Av dei 10 nummera eg prøvde å ringe (dei fleste gjekk til samme autosvar) var det ingen som kunne hjelpe meg. Så eg reiste ut på flyplassen (heldigvis går det undergrunnsbane kvart 15 min, som tar 25 min kvar veg og kun kostar 5.35$) der representanten til KLM hadde gått for dagen, men eg fekk no iallefall riktig nummer der eg fekk lagt igjen beskjed om at eg sakna kamerabagen. Dagen etter fekk eg telefon om at bagen var komen til rette, men då eg henta den mangla det eine kameraet. Iallefall bedre enn å miste begge.


Hotellet, Best Western Americania , vart valgt ut frå to kriterier: avstand til konferansesenteret og takbasseng. Romma var fine, og betjeninga var hjelpsame. Hotellet hadde ein artig 60-tals stil, og frukosten (som ikkje var inkludert) vart servert i Cusom Burger. Det ligg på 121 7th street, kun eit par minutts gange frå BART , som er namnet på undergrunnen i SF, som har ruter til flyplassen. Strøket rundt er noko spesielt for ein normann, med uteliggarar, tiggarar, alkisar, narkisar og bomsar, kort sagt ein del rare folk. Eg følte meg ikkje direkte trua, men var ekstra på vakt. Eit par minutt nord for hotellet ligg Market, og langs market fram til 5th street er det litt lugubert. Men frå 5th street vert det plutselig flott og fancy shoppingområde. Det området vert kalla Union Square etter ein open plass like nord for Market.

Første kvelden var egentlig planen å ta ein liten tur ut på kvelden, men tidsforskjelen, den lange reisa og lite søvn natta før satte ein stoppar på det. Kvelden etter derimot kom reisefølget Fredrik og Jan frå TurboTape , og vi tok ein runde sør for hotellet vårt. På Folsom Street gjekk vi forbi den kombinerte bar/cafe/myntvasken Brainwash , som visstnok er ein bra sjekkeplass, deretter forbi City Beer Store som hadde rikholdig øl-utvalg (1$ ekstra for å drikke ølen i baren) til og med det norske spesialølet som lagast på den nøgne ø . Men det var faktisk sult som var det største behovet, så vi endte opp med eit sabla bra måltid på Indian Garden Restaurant . Etter dette var det kveld for dei nyankomne, men for min del bar det til Annies Social Club på 917 Folsom.

Dersom du tenkjer deg at Garage i Bergen hadde holdt på dobbelt så lenge,
utan noko særleg opp-pussing, så har du plassen. Det er ei lita livescene der, og den kvelden eg var der var dedikert til «The Worlds Most Dangerous Bands III». Det største bandet var ArnoCorps , eit band som har latt seg sterkt inspirere av delstatens guvernør. Kostymene vart tatt frå filmar som Commando og Predator, og dette var og låttitlar, saman med Terminator og Running Man etc. På plakaten stod og Zombies on Crack og Count Dante.

Heilt bakerst i lokalet var det eit lite karaokerom av alle ting. Der var og stemninga høg, og då tre jenter song «Don't Stop Believing» av Journey, tok det heilt av. Den låta rører ved den amerikanske folkesjela på ein måte til og med Bruce Springsteen berre kan drøyme om. Helvete heller, eg trur den låta ER den amerikanske folkesjela.

Dagen etter starta med shopping, hovudsakleg kjøpte både eg og Jan nye kamera, før ferden gjekk til Mexico! Vi tok BART til Mission og 24th, og følgde 24th mot aust. Mykje meksikansk kultur, både i dei utalllige meksikanske restaurantane og i dei fargerike veggmaleria. Heile sidegata Balmy Alley er freda, med store "murals" heile vegen. Her var det tid for fotografane å gå amok. Etterpå åt vi VolcanoEl Delfin , god mat, og vi fekk smake det utmerka mørke meksikanske ølet Negra Modelo . Det var digg!

Neste dags bar-runde tok oss først til Chinatown. Buddah Bar freista i navnet, men ein sliten folketom bar gjorde at vi gjekk over gata til Li Po . Det var ikkje mindre sliten, men hadde iallefall eit par gjestar ved disken. Sitjegruppene var i raud skai, og det var eit godt utval TOTO-låtar på jukeboksen. Det var ein sånn type bar der godt Jackie Chan kunne kome inn, knust halve baren over hovudet på skurkane han hadde etter seg, og deretter forlate plassen utan at klientellet lot seg affisere. På Li Po møtte vi Ivar frå Funcom , og han inviterte oss med på Minx , som låg nært Japantown.

Minx er kanskje favoritten frå turen, liten koseleg bar med retro møblement, engasjerte stamkundar og god musikk. Vi kom midt i ein quiz-seanse, og stemninga var høg!

Siste kvelden min i SF tok vi med oss Edvin frå Agenius , og prøvde å finne ein restaurant nært hotellet. Heldigvis for oss falt valet på den brasilianske Bossa Nova , god stemning og knall god mat om enn litt små prosjonar for norske magar. Den kan og anbefalast. Etter ein meiningslaus stopp på ein kjønnslaus gamerfest på eit kjedelig lokale, fann vi heim til The Hemlock Tavern . Skikkelig bule, med innandørs nesten-lovlig røykerom, som skjenka oss villig vekk rom og ingefærøl. Det mest komersielle på jukeboksen var Motörhead og Melvins, noko som dugde i massevis for oss! Så bar det heim, med eit stopp på den for oss ukjente Carls Jr . Men det er egentlig ingenting ukjent med amerikansk junkfood på veg heim frå byen.