søndag 3. oktober 2010

Sør-Korea Juni 2010



Endeleg var det på tide for meg å få oppleve det forgjette austen. Med pengegåvene frå bryllaupet vårt i kofferten (tusen takk!) reiste vi via Amsterdam til Seoul. Eg høyrer litt ulike ting om KLM, men eg har utelukkande gode erfaringar med dei, slik vart det og denne gongen. Vi var litt urolege for korleis det skulle gå med Aurora på denne turen, ho er inne i ein svært aktiv periode, men ho oppførte seg eksemplarisk på vegen bort og enno betre på vegen tilbake! Seteraden vår delte vi med det koreanske basketball-laget, og dei hadde nok ein langt mindre behageleg tur enn oss med dei lange lemmene sine.


Seoul


På Incheon kom det ein bil frå hotellet og henta oss (forresten, KLM klarte å gjere vogna vår skjeiv i løpet av turen) og derfrå var det ein knapp time fram til Lotte World Hotel. Det var det beste hotellet på heile turen; flotte rom, gode tilsette, flott frokostbuffet, og i tillegg var det ein del av temaparken Lotte World. Etter eit liten time på puten kom vertskapet for Sør-Korea delen av turen: Thomas, Karen, Alfred og Gunvor. Dei har budd i Sør-Korea dei siste åra, og å besøke dei var årsaken til at vi reiste der i det heile tatt!
Heile reisefølgjet i Lotte World.

Lotte er eit svært aust-asiatisk foretak som driv på med det meste, minner litt om OCP. Lotte World er den største heilårsopne temaparken i verda, i tillegg til at den har ein del ute og. Sjølv om parken er ein kopi av Disney sine parkar (heilt ned til logoen), storkoste både vaksne og borna seg. Vi fekk og eit par inntrykk av koreanarane. For det første er dei høgare enn vi venta oss, like høge som oss og vel så det. For det andre er dei ekstremt opptatt av born (noko vi og opplevde i Karibien) og spesielt vestlege born. Dette gjaldt ikkje berre vaksne kvinner, ein svært spesiell episode var det samla seg ein gjeng 15-17år gamle gutar rundt vogna til Aurora og sa “Ohh! So cute!!”, eg synes eg ser det skje med Trym (17) og kompisane hans. Den tredje tingen vi merka oss var at koreanarane var i skikkeleg temapark-modus, noko vi fekk stadfesta i Tokyo Disney seinare. Hårbøyler med dyreøyrer var ein stor slager hjå både born og vaksne kvinner og menn, noko som gav dei eit feminit preg.
Denne logoen var det noko kjent med.

Seoul er ein gigantisk by, dersom ein tar med områda rundt er det nesten 25 millionar innbyggjarar. Med ein dag til sightseeing var det ikkje så mykje vi fekk sett, men vi freista iallefall å få med oss Gyeongbokgung Palace. Det var stengt tirsdagar, så vi fekk nøye oss med in kort spasertur gatelangs i Seoul. Vi fekk og oppleve at koreanarane er eit ekstremt triveleg og hjelpsamt folk, vi reiste på undergrunnen med fullt av vognar, koffertar og ungar, og fekk alltid hjelp til å finne fram til heisar og utgongar, og på buss-stasjonen fekk vi oppbevare bagasjen vår på eit kontor ettersom alle oppbevaringsboksar var fulle.


Okpo
Okpo-dong by night.

På ettermiddagen tok vi bussen til Okpo, heimbyen til vertane våre. Bussane hadde 3 deilige gode seter i breidda, her er det noko å lære for bussar i Noreg, det var ein svært behagelig tur! Okpo-dong ein liten by heilt sør i Sør-Korea, og rommar eit digert verft, på størrelse med heile Bergen sentrum, og nokre hus og butikkar ved sida av der verftsarbeidarane bur. Verftet er DSME (Daewoo Shipbuilding & Marine Engieneering) og er saman med Hyundai det nest største verftet i Sør-Korea, og dermed i verda. Det største verftet i Sør-Korea er Samsung Heavy Industries. Eg fekk ein rundtur på verftet, og det var imponerande. Arbeidarane såg ut som små dosarar der dei gjekk rundt dei enorme konstruksjonane.
Krigsfangen treng ein manneklem.

Vi besøkte ein POW-camp i Geoje som hadde eit stort diorama og anna informasjon om Koreakrigen. Dei var opptatt av å formidle tre ting; at krigsfangene vart handsama etter Geneve-konvensjonen, at fangane fekk vaske seg og at fangane fekk, ja, gå på toalettet. Dei to siste poenga vart illustrert fleire gonger på ulike vis. Alt i alt ein grei repetisjon om Koreakrigen, og sjølve POW-campen i slutten av turen hadde ein bra MASH-feeling over seg. Områdene rundt Okpo kan og freiste med naturreservatet Oedo, som var svært fint, og mange små koselege byar som Haekdong, med ein rullesteinsstrand og ein strandpromenade.

Vi fekk og smake litt lokal mat, på Nolboo Restaurant fekk vi kjøt og diverse grønsaker steikt på gassbluss midt på bordet, men mykje tilbehør til, som den Sør-Koreanske spesialiteten Kimchi, som er surkål i store flak med chilli. Det lokale ølet Hite er perfekt til maten, samt den lokale favoritten Soju. Soju har rundt 20% alkoholinnhald, vert seld i 0,3l-flasker for rundt 6-7 kr, altså svært billig, og drikkast helst rein. Sør-Koreanarane elskar dette stoffet, dei jobbar hardt og drikk hardt. Det kostar om lag det samme som ei flaske vatn i butikken. Men, maten, den var god den, spesielt kimchien falt eg for. Og ver obs på at spisepinnar i Sør-Korea er laga av metall, noko som gjer at det er ein ekstra utfordring å ete med pinnar der.
Ei av dei mest autentiske opplevingane i Okpo var ein tur på byen. På ein bar traff vi tre av ingienørane på verftet, i arbeidsklede som dei faktisk er stolt av å gå i, til og med etter jobb! Det var god stemning, og alle var eininge om at den naturlege fortsetjinga var å gå på Norebang, som er karaoke. Norebang betyr sang-rom, og det nettopp det det er. Vi kom først inn på eit vente-karaokerom der vi kunne dra ein låt før det skikkelege rommet vårt var klart. Det var ca 12-15 kvadrat, med ei sitjegruppe, eit toalettavlukke i kroken, to mikrofonar og ein diger flatskjerm. Godt utvalg i både vestlege og Koreanske låtar. I tillegg til dette inkluderte karaokerommet ubegrensa med øl samt 3 karaokevertinner (!). Timane gjekk fort med både hard rock, Koreanske svisker og norsk-koreansk forbrødring. Gode tider!


Busan
Innsegling til Busan

Etter ein litt røff start dagen etter karaokefesten, gjorde vi oss klare til den siste destinasjonen på Sør-Koreadelen av turen: Busan. Etter ein kort båttur, akkurat som barndommens turar med skyssbåten mellom Knarvik og Bergen, kom vi fram til Busan, den nest største byen i landet. Vi tok undergrunnen frå kaien til Hundae Beach, der vi skulle bu på Novotel Ambassador. Hovudgata frå undergrunnen gjekk rett til stranda, og hadde den den typiske stemninga du finn på strandgater over heile verda. Med Sør-Koreansk vri såklart, dei typiske burger-sjappene er bytta ut med deilige bacon-sjapper.
Deilig utsikt!

Hotellet vi budde på, Novotel Abassador låg rett på stranda og vi hadde ein fantastisk utsikt til både stranda og millionbyen. Flott hotell med sur betjening, les meir om kva eg synes om det på Tripadvisor. Like ved hotellet ligg Busan Aquarium, eit svært akvarium over fleire etasjar. Hovedtanken innheldt haiar, rokker, svære skilpadder og mykje anna sjøliv samt 3000 tonn vatn! Den har glasstunellar på begge sider av hovudtanken, og då vi var der hadde dei ein liten stim med hammarhai som var heldt på å akklimatisere seg til tanken. Om det skulle vera tvil; det var bra! Å sitje foran den digre tanken og sjå på sjølivet gjer ein deilig ro.

Ein annan ting som er verdt å få med seg i Busan er Boemosa-tempelet. Det er eit buddist-tempel som består av mange bygg som ligg i eit flott område, og det er flott å traske rundt der. Litt mange trapper, så eg vil ikkje anbefale å reise der med rullestol eller åleine med med barnevogn. Ein ting å få med seg der er ein stor samling av stauar. Den siste dagen i Busan brukte vi i shoppingdistriktet rundt Gukje Market. Alt frå bodar med ræl, trange smug med alle slags mulege varer til vestlege kjedbutikkar. Mykje folk, artig å få med seg.
V-teiknet er eit must ved avbilding i Sør-Korea.

Alt i alt kan vi anbefale å reise til Sør-Korea. Triveleg folk, reint og fint og trygt, god mat, bra klima og med både storbyar, idylliske småbyar langs kysten og overraskande mykje urørt natur. Det Sør-Korea ikkje har som gjerne står øverst på lista til nordmenn som skal ferie, er billeg reise, billeg opphald og (bortsett frå Soju) billeg alkohol. Om desse tre tinga ikkje står øverst på lista di, ta turen!


Fleire bilder


Tarjei, Christina og Aurora