tirsdag 7. juli 2009

Karibien 4: Santo Domingo



Santo Domingo er hovudstaden i Den Dominikanske Republikk. Der bur det 4 millionar, så det er ein riktig storby. Turen der tar 4,5 timar frå Sosua med ekspressbuss, og den er svært smertefri ettersom iallefall bussen vi tok (metro) hadde både gode seter og god aircondition. Stasjonen her i Sosua er like ved der vi bur, medan den i Santo Domingo ligg eit stykke frå downtown iallefall, så her måtte vi ta ein drosje til hotellet vi skulle bu på: Coco Boutique Hotel.



Coco Boutiuqe Hotel er eit lite hotell, og har berre vore opent i eitt og eit halvt år. Dreve av eit svært hyggeleg par som er irsk/gresk og portugisisk, var det her skikkelig stil over sakene. Fruen i huset er interiørdesignar, og dette bar hotellet preg av, dei brukte det og for å vise eksempel på interiørdesign (det er visstnok stor etterspurnad etter interiørdesignarar på den dominikanske republikk om nokon er interessert i det). Hotellet låg i ei lita bilfri blindgate med ein liten open park utafor, og svært sentralt i Zona Colonial, den gamle bydelen. I tillegg, og svært bra for oss, har dei ein son som heiter Eros som er på same alder som Aurora, så der fekk vi låne badekar, grautskåler, barneseter etc.

Zona Colonial



Mykje av dei gamle ærverdige bygningane i Zona Colonial vart bygd rundt 1500-talet, av Columbus og banden hans. Seinare prøvde banditten Sir Francis Drake å øydelegge så mykje av det han kunne klare, men det er enno mykje igjen å sjå på.

Den første ettermiddagen vi kom gjekk vi gjennom gågata El Conde som går gjennom heile Zona Colonial, frå statua av Columbus i Parque Colon, ved Catedral Primada de América, til Puerta del Conde, eit viktig monoment for Dominikansk sjølvstende der blant anna det Dominikanske flagget vart heisa for fyrste gong. Det som fylde gata var ein blanding av Europris-type butikkar, Sparkjøp-type butikkar som lukta mugg, amerikansk fastfood som Pizza Hut og KFC samt dei sedvanlege rom/sigar/juggel-sjappene. I utgangspunktet synes eg dette var litt kjipt. Men, når eg tenkte meg om, kva var alternativet? At gatene hadde vore fyld med europeiske motehus med varer til samme pris som heime, slik som det ofte er i gamlebyane i tidlegare Jugoslavia? Kva vil ein egentlig sjå som turist: vil ein sjå ein plass som er laga til for turistar, eller vil ein sjå litt korleis folk lever der? Eg stemmer for det siste, og det er det (for det meste) ein får oppleve i Santo Domingo.



Langs elva Ozama ligg mykje av dei gamle bygga. Frå huset til Columbus (sonen) nord ved Plaza Espana og til Fortaleza Ozama som ligg heilt ved det karibiske hav. Går ein litt lenger inn i byen, finn ein to ruinar: Det gamle sjukehuset til San Nicolas de Barí og San Francisco-klosteret. Sjukehuset var ope for publikum, og ved å gå gjennom ruinane der kunne ein sjå at det hadde vore eit staselig bygg. No var det hundrevise av duer som budde der.

Litt nord for sjukehuset ligg dei svære ruinane av San Franciso-klosteret. Dette er i utkanten av Zona Colonial, og det sat ein god del folk i den nordre delen av ruinane, der det er ein park. Vi følte oss vel ikkje direkte utrygge, men holdt litt ekstra fast i kamera og verdisakar. På avstand såg vi at det låg nokon uteliggarar der, og det første vi såg då vi kom inn i parken var ein naken gamal mann som dreit på ruinene. Har ein det tøft, er nok ruiner frå 1500-talet det siste ein bryr seg om. Ruinane var stengt for publikum, men det var eit imponerande bygg det og!

Malecon



Neste dag tok vi først turen langs strandpromenaden (Malecon). Den starta like ved hotellet vårt, og det første ein ser er ein 50 meter høg statue av presten som kjempa for dei innfødte sine rettar. Og det var ikkje nok vakkert syn han skua utover. Like under statua var noko som kunne vore ei fin strand, som no tilsynelatande var okkupert av heimlause. Stranda var i tillegg full av boss, og dei bossfylde bølgene som slo innover stranda hadde ein gul-brun farge og lukta ikkje noko godt. Vi har aldri bada i det karibiske hav (nordkysten ligg ved atlanterhavet), men det freista definitivt ikkje. Det var og restaurantar med utsikt til dette, men vi såg ikkje noko særleg med gjestar. Strandpromenaden er lang, og på eit tidspunkt må den ha vore flott, med eit yrande folkeliv. No startar den med litt falleferdige hus og strippebuler, og etterkvart ligg det kasinokompleks på rekke og rad. Dei var nok og sikkert flotte, på 70-80 talet.

Etter å ha fått nok av strandpromenaden, gjekk vi for å sjekke det verkelege folkelivet: eit shoppingsenter! Vi tok ein taxi, som tok oss over elva til Megacentro. Til sjåførens store fortvilelse, men heldigvis for oss, var den vanlege brua stengt, så vi fekk ein lang tur gjennom fleire bydelar. Små gater med små hus, dei fleste med to etasjer eller mindre, små bodar og butikkar, alle i sterke fargar. Megacentro var som ein amerikansk «mall» med butikkar, eit lite tivoli for born, kinoar og ein foodmart. Det var ein heilt grei plass å tilbringe ein halv dag for oss som har budd i ein landsby i 6 veker.

Vi var på 3 restaurantar, og alle kan anbefalast. Mesón D' Barí har tradisjonell og svært god mat, El Falafel har god orientalsk mat og eit flott lokale, og Taverna Vasque har god tradisjonell baskisk mat, sjølv om ei suppe med 10-15 heile små blekksprutar vart litt i meste laget for min del.

Totalt sett likar vi Santo Domingo svært godt. Med sine smale gater, sin koloniale stil og sine mange opne plassar minner den om ein spansk eller italiensk by. Svært sjarmerande. Folk er og venlege der. Og om kvelden, då trekk folk ut av husa sine, og møtast på dei opne plassane, eller fortaua, eller i gata, og spelar bondesjakk, domino, eller berre pratar over ei kald øl dei har kjøpt på den lokale kiosken. Kanskje det ikkje er noko bra på tv der?

lørdag 20. juni 2009

Karibien 3: Sjonkel Rolf og huset med det rare i

- aka sanninga om 9/11, kongen av verda, ufoar og Berlinmurens fall!

IMG_1306

Like oppi gata frå her vi bur i Sosua ligg det eit snodig musem. Vi har vore utafor tidlegare, og arkitekturen er litt moské-aktig med høge spir, sirklar og diverse. Då vi i dag gjekk inn forventa vi litt dominikansk kunst, ala maleria og figurane som vert seld på stranda her, men det som møtte oss var noko anna. Noko heilt anna.

Ein tyskar som heiter Rolf møtte oss. Sjølve huset er eit prosjekt han har jobba med i 20 år, og det er enno ikkje heilt ferdig. I den første etasjen var det ein god del svære steinhovud, gjerne 1-1,5 meter i høgde, laga i massiv stein. Dette hadde han fått laga av folk frå Haiti, og greske filosofar var eit gjengåande tema. Og ganske kjapt starta ting å verte ganske merkeleg. Det var mange maleri i dei ulike romma der, nokre av dei malt på veggane, nokre av dei måla på lerret. Nokre av dei hadde han måla sjølv, nokre hadde han skissert opp og fått haitarar til å fargelegge, og nokre hadde han berre fortalt andre malarar (stort sett haitarar) kva han ville han måla.

Huset var i seg sjølv fascinerande nok, eit kråkeslott av ei anna verd med høge spir, små rom, smale gangar, trapper og avsatsar. Etter Rolf sitt utsagn fins det ikkje teikningar av huset, han har kun laga skisser som bygningsarbeiarane har jobba etter. Viss du synes dette høyres rart ut, er dette ingenting samanlikna med kva ha fortalde etterkvart. Han starta roleg med å vise maleri som viste byar under vatn, og han meiner at det fins mange av dei, det står om dei på internett, og at jorda no er på veg til eit klima som gjer at det snart vil fins fleire byar under vatn. Like ved var det eit maleri som viser koblinga mellom pyramidene og romvesen. Han hadde vore i Egypt, og hadde betalt ein guide 100 $ for å få sjå ein svær steinblokk som det hadde vore umogeleg for egyptarane å lage sjølv. Deretter fortsette det med romskip-historier, og bilete om temaet. Den Dominikanske Republikk har visstnok høg romskipaktivitet. Han viste eit maleri av nokre romskip som skal ha kome opp frå havet ved Punta Cana, på søraustkysten av øya. Han trur at skipa er besøkjande frå ei anna tid, mest sannsynlegvis fortida.

Rolf and his UFO's

Ein annan tematikk som gjekk igjen, spesielt i dei øvste etasjane i huset, var Mundo King, eller Verdskongen. Ein av Rolf sine visjonar av verdskongen var ein feit tjukk gamal mann som styrte verda med ei naken dame i eine handa og ei bombe i den andre. I ein skulptur er han avbilda med ein filosof på kvar side, som om han støttar seg og rettferdiggjer handlingane sine på dei store tenkjarane. I dei øverste etasjane tar dette heilt over, og Mundo King får her si eiga seng, sin eigen stol til å styre verda frå, og sitt eige alter. Ganske sært. Eit apropos her er at Aurora (6 md) vart meir og meir uroleg etterkvart som vi kom oppover i huset, og ho er som regel svært roleg når ho er i bæresæla. Kanskje ho ensa noko, enten ved Rolf, motiva hans, eller noko heilt anna?

The Mundo King

For å toppe det heile viser han eit bilete som han stilte ut i Hamburg i 1994. Biletet viser ein engel som peikar på Twin Towers i New York som står i flammar. Dette bildet fekk nokon arabarar sjå, og dei meinte då at Allah hadde snakka til dei gjennom biletet hans. Difor meinte dei og at Allah måtte vera hans gud. Då han ikkje ville gå med på det, trakk dei ut tenna hans og slo han hardt i hovudet. Men Rolf stod på sitt. Vidare seier Rolf at flybillettane til flya som vart kapra alle er tinga her i Sosua, og at flykaprarane møttes her like før kapringane tok plass. Kvifor sa han ikkje noko om, men kanskje fordi maleriet er her?

The painting that supposedly inspired the 9/11 attacks.

I tillegg (kanskje for å vege opp) meiner han og at han har inspirert Berlinmurens fall.

Om alt dette er sant, skal eg ikkje eg seie noko om. Men, dersom du er i Sosua bør du iallefall ikkje gå glipp av Museo del Arte!

Lenke til Flickr-set med bilder frå museet.

søndag 7. juni 2009

Karibien 2: Reise med barn, Cabarete, Puerto Plata og Manikyr!

Reise med spedbarn

From Karibien 4


Som sagt i forrige post, den lange flyturen gjekk over all forventning med hensyn til Aurora på 5 md. Før vi la ut på denne turen snakka vi med andre foreldre som hadde reist med spedbarn, og alle sa at spedbarn er utruleg tilpasningsdyktige. Dette er og vår erfaring så langt. Det er regnsesong her nede, noko som gjer at lufta er svært fuktig i tillegg til at det er bra varmt, gjennomsnittstemperaturen ligg rundt 30 grader. Aurora var litt svett og utilpass dei første dagane, men det kom seg fort. Ho merkar såklart varmen, og det gjer vi og, men ho klarar seg bra. På terassen vår er det ein flott korgstol som heng frå taket der ho tek formiddagsluren, etter det tar vi som regel turen til stranda. Sjølv om det er regnsesong er dagane som regel opplett og lettskya, viss ein ser bort frå ein og annan kraftig regnskur. Ho likar seg svært godt på stranda, ho elskar allereie å bade, og på strandstol under ein parasoll får ho både slappe av og sove litt. Vel heime er det bading og graut, før ho legg seg. Heldigvis kom ho lett inn i nye nattrutiner til tross for tidsforskjelen på seks timar. Etter eit par dagar låg ho seg med sola og stod opp med sola, ca frå halv sju om kvelden til halv sju om morgonen. Det er faktisk lenger nattesøvn enn vi hadde heime før vi reiste!

Vi er svært varsamme med sola, smører ofte med faktor 50, heldt ho borte frå direkte sollys mest mogeleg, og i tillegg brukar vi solbriller, solhattar og badedrakter som og har solfaktor 50 i stoffet. Ho likar bedre å verte bært rundt i BabyBjørn enn å ligge i vogna, sikkert fordi det er litt stille luft og klamt der. Kvar dag når vi går til stranda vert vi møtt med mykje latter frå dei lokale, som tydelegvis synes det er svært morosamt med ein kvit baby med solbriller og solhatt. Generelt sett er dei lokale damene her nede gal etter babyar, og ein liten kvit baby er visst toppen av lykke for dei. På stranda, i butikken, på restaurantar, - alle plassar kjem det dominikanske og haitiske jenter og damer som skal snakke, kose, holde og ta bilde av seg med Aurora. Det vert litt mykje for ho såklart, men det ser ut til at ho klarar å venne seg litt det og etterkvart.

From Karibien 4


Frå ung til gamal, kremt litt eldre meiner eg, foreldra mine er no på besøk her nede, dei har vore her ei veke og skal vera ei veke til før dei reiser heim. Det er er første gongen deira her, og dei likar seg svært godt! Dei synes det er svært fint her, svært venlege folk sjølv om det er tydeleg at det er mange av dei som er fattige, og billig. Det einaste dei kunne ønske seg var at turen hit kunne tatt litt kortare tid, sånn ca 5 timars flytur hadde vore passeleg. Men, hadde denne plassen vore 5 timar frå Noreg ville det nok vore VG og Dagbladet i alle kioskar, samt at Frp og Ap hadde hatt lokal-lag her. Og prisane hadde vore langt høgare!

Cabarete

From Karibien 4


Ein ca 15 min biltur aust for Sosua litt Cabarete. Det er stor kontrast mellom dei to plassane, i Sosua er de mest eldre folk og meir tradisjonellt karibisk og i Cabarete er det mest unge folk og plassen er meir amerikanisert. Stranda er lang, brei og svært flott, det er langgrunt der så det er meir bølger og vind enn i Sosua. Årsaka til forskjelen er Cabarete er eit mekka for vindsurfarar, surfarar og kitesurfarar, og tiltrekk seg ei yngre målgruppe enn dei hyggelege Haitiske damene i Sosua gjer. I Cabarete finn ein butikkar som fører kjende surfemerker, til kjende (høge) prisar. Medan barane i Sosua gjerne pumpar ut lokale merengue og batchata – schlägers, er det meir vanleg å høyre dei siste internasjonale hitsa eller «chillout-musikk» i Cabarete. Strandpromenaden er her kun av restaurantar og barar, og ambulerande selgarar sørger for at du kan få kjøpt overprisa smykker, sigarar og anna ræl. Vår favorittplass er Lax, ein bar som ligg i starten av promenaden. Det er fleire årsaker til dette: eit par stolar som heng frå taket er populære, mugger med Banana Daiquiri for 200 pesos (40 kroner!), avslappa stemning, og utsikta mot stranda. I kvellinga ser ein eit utall kite-dragar over havet, då kitarane utnyttar den siste kveldsbrisen og bølgene for dagen siste omgang. I skumringa vert lysa i palmane utanfor baren tent. Det er kos det! I tillegg kan det nemnast at La Casa de Mamacita er kjent for sine gode hummarar. Den er for tida feriestengt, men opnar igjen i god tid før vi skal reise heim.

Puerto Plata.

From 3


Christopher Columbus gav navnet til «Sølv-havna» då han seilte forbi i 1492, og busetjinga som vart etablert her i 1502 var ein stoppestad på rutene med sølv som gjekk frå Mexico til Spania. Byen har vore gjennom fleire ulike periodar, frå å vera senter for illegal handel til storheistida på slutten av 1800-talet som sentrum for tobakk og sukkerhandel. På 1960-talet vart det store turistanlegget Playa Dorada bygd, og sjølv om turistane heldt seg innafor murene der, skaffa det iallefall tusenvis av arbeidsplassar som gjorde at byen fekk ein liten oppsving. I det siste har Playa Dorada kutta ned på drifta, og rundt 300 har mista jobben der.

Historia gjer at det fins mykje fine hus i Puerto Plata, alt frå gamle borgar via flotte hus i kolonial stil som tobakks og sukkerbaronane fekk bygd, til nyare industri samt typiske karibiske «skur». Puerto Plata framstår og som ein ganske dau by, til å vera ein by med like mange innbyggjarar som Bergen er det lite trafikk, lite butikkar og restaurantar og lite folk i gatene. Mange tomme lokale, både forretningslokaler og bustader, og langs det som er egentleg er ein fin strandpromenade er det eit svært slitent klientell på dei få restaurantane som er igjen.

From 3


Men det er likevel verdt å ta turen der. Dei små kolonial-husa med altanane utafor gjer ein bra stemning, og det fins fleire opne plassar og parkar der ein kan slappe av og kose seg. I tillegg kan ein prøve å få med seg:

Taubana som går opp til fjellet Isabel de Torres. Både turen opp og utsikta er flott, og på toppen er det ein botaniske hage i tillegg til ein litt nedskalert utgåve av Jesus-statua som ein kan finne i Rio de Janeiro.
Amber-museet har ein stor samling av insekt og dyr som er fanga i harpiks som seinare har vorte forsteina, tenk på myggen som er sentral i den første Jurassic Park-filmen. Apropos det, delar av både den filmen og andre filmar er spelt inn her, blant anna var det her Rambo sprang rundt i skogen og elva.
Rom-produsenten Brugal (som lagar svært bra rom!) har eit tapperi her som er ope for besøk.

Av andre praktiske ting fins det her eit stort varehus som heiter La Sirenia der vi handla ein del ting rett etter vi kom ned, blant anna barneseng, barnebadestamp, blender etc. Godt utval og låge prisar. Til slutt, når du besøker Puerto Plata må du rekne med at det heng seg på «kjentsfolk» som vil følge deg rundt i byen. Det er ganske plagsomt, vi klarte etterkvart å riste av oss dei fleste, men med nokon tok det litt tid. Ein lurar på om dei vil vera grei eller om dei vil lure av deg litt pengar. I dei fleste tilfella er det nok det siste.

Manikyr.

Gjekk til det umannlege steget å ta ein manikyr her. Resultatet vart to blodige fingre (og sikkert fare for å ha fått diverse overførbare sjukdomar frå dei prostituerte/horebukkane som har fått manikyr same plassen) og neglar som eg kunne sjølv kunne bitt finare enn det dei vart klippa der. I tillegg var det ikkje noko deilig, og drita kjedelig. Kvifor er det fint å klippa vekk neglerota forresten? Oppsummert: bortkasta tid (som kunne vore brukt bedre ved å drikke øl på stranda) og bortkasta pengar. Pass iallefall på å ikkje gå til «salongen» som ligg nederst i den lille bakken på veg til stranda her i Sosua.

Si los Dios y yo quiere, kjem det kanskje ein liten rapport til?

From 3

mandag 25. mai 2009

Karibienrapport – del 1.



From Karibien 09, 1


Er for tida på forlenga pappaperm/ferie i Sosua på den Dominikanske Republikk. Denne rapporten er først og framst meint for familie og vener heime, men kan og vera til nytte for andre som har tenkt å reise til samme reisemål. Dette er oppsummeringane for dei første 14 dagane (og til alle skurkar: det bur folk i kåken vår i heile perioden vi er borte!).





Frankfurt


Første etappe var Bergen – Frankfurt i eit lite Lufthansa-fly. På ein eller annan mystisk måte klarte dei på denne turen å gjere den flett nye vogna vår skeiv, og det var bra gjort, ettersom vi rulla vonga heilt fram til flyet, var sist inn og fekk vogna igjen når vi gjekk av. Merkeleg.

Frankfurt er ein stygg og litt innestengt flyplass, i motsetning til t.d. Schiphol eller Kastrup. Men, det gjekk iallefall an å få pølser, øl og underberg til frukost. På vegen tilbake har vi eit ganske langt stopp her, og vi gler oss ikkje akkurat til det.


Condor Air / Travelpartner


For det første har vi ikkje god erfaring med operatøren vi kjøpte billettane av, det svenske Travelpartner (www.travelpartner.se). Eg bestilte billetar til sonen og nevøen min, som skal komme ned her seinare, hjå dei. Etter at billettane var bestilt og betalt, fekk eg beskjed om at dei kosta 2000 meir enn prisen vi hadde avtalt, dette til tross for at dei enno solgte billettar til den same turen til same pris på nettsidene sine. Eg fekk då valget om å kansellere billettane eller å betale 2000, då valde eg såklart det første, og bestilte nye billettar til samme pris som gongen før, og fekk dei stadfesta. Då eg fekk billettane stadfesta såg eg at eg hadde skreve feil etternamn på sonen min (han har mora sitt etternamn), og gav straks melding om dette, ca 20 min etter at eg mottok stadfestinga. Eg meldte frå om dette, og fekk til svar at eg berre kunne kaste billetten og kjøpe ein ny. Etter mange meir eller mindre sinte mail og telefonar til travelpartner, Lufthansa og Condor air gjekk travelpartner med på å kansellere billetten for 900 kr, samt å tinge ein ny billett, som no var 1200 kr dyrare enn den eg tinga i utgangspunktet. Så jammen fekk dei ikkje lurt frå meg 2000 likevel. Hald dykk unna travelpartner.

Når ein reiser med spedbarn på fly, er det vanleg at barnefamiliane får plassane bak ein skiljevegg, ofte med ei barneseng som heng på skiljeveggen. Vi spurde travelpartner om vi kunne få ein slik plassering på flyturen, som tar ca 10 timar, og dei svarte då at dette flyet ikkje hadde slike plassar. Då vi kom på flyet viste dette seg (sjølvsagt) å vera blank løgn, det var både skiljeveggar og barneseng der. Uansett, vi gjekk tidleg til innsjekkingsskranken til Condor for å prøve å få ein best mogeleg plass, vårt «worst case» scenario var 10 timar med skriking, sjølv om Aurora er svært snill. Der fekk dei fiksa av vi sat bak ein skiljevegg – trudde vi. Då vi kom ombord i flyet viste det seg at vi kom på raden bak Economy Plus, noko som medførte at på dei 2 setene vi 3 skulle ha gjekk det ikkje an å legge bak ryggen, medan dei foran oss kunne legge setene ekstra langt bak. Med andre ord var dette for oss (og forsåvidt generelt sett) dei dårlegaste plassane i flyet. Då vi bad kabinpersonellet om å orden opp i feilen, fekk vi grei beskjed om at dette ikkje var deira problem. Eg prøvde å forklare at her hadde Condor Air gjort ein feil som det måtte rettast opp i, og fekk til svar «But I am not Condor Air, it's not my problem». Igjen måtte eg snakka i ein svært bestemt tone til flyvertinna før ho skjøna alvoret i situasjonen og henta stewaden. Han fekk til gjengjeld ordna med eit ekstra sete mellom oss, der Aurora fekk ligge. Så det enda jo bra til slutt.

Sjølve flyturen var som forventa: uggen mat, Mamma Mia på småskjermar, betale for alkohol og høyretelefonar etc. Men det gledelege var at Aurora sov minst 6 av dei 10 timane turen tok, og var i godt humør resten av tida!





Sosua


Sosua er ein liten by på nordkysten av Den Dominkanske Republikk. Dei næraste byene er Puerto Plata, der flyplassen ligg, og Cabarete, som er kjend for surfarar, vindsurfarar og kitesurfarar over heile verda. Mellom bydelane El Batey (det gamle jødekvarteret) og Charamicos (der størstedelen av dei lokale bur) ligg den svært flotte Sosua Beach. To ting som står sentralt i historia til nordkysten er Kristoffer Kolumbus, og jødene. Under 2 verdskrig sa den dominikanske republikk seg villige til å ta imot 2 millionar jødiske flyktningar. Det kom ca 500, og dei bygde opp ein god del av infrastrukturen og industrien her i Sosua, dette kan ein lære meir om i Jødemuseet som fins her. Ein annan industri som Sosua er kjend for, men som ikkje enno har fått eit musem er sex-industrien. Dessverre foregår dette relativt åpenlyst, spesielt i dei fleste klubbane på kveldstid. Tidlegare var det verre, det var så ille at i 1996 slo politiet til og stengte ned alle barar i byen for eit år. Ein stor del arbeidarane er frå Haiti, det urfattige landet som den dominikanske republikk deler øya La Hispanola med. Sjølv om det ikkje er kjekt å vite om at dette foregår, er det skjelden det vert direkte plagsamt.


Dette er det 3 besøket vårt til Sosua i løpet av dei siste 2,5 åra, så vi kjenner plassen etterkvart. Dei andre gangane har vore om vinteren, og det første vi merka at det var mykje meir fukt i lufta no. Det ER svært fint og sjarmerande her. Langs hovudgata, Pedro Clisante, ligg det små barar, butikkar, reiseoperatørar og eiendomsmeglarar tett i tett. Ein av våre favorittplassar er Pedro Mc'Murphys som ligg rett ved Pedro Clisante. Det er ikkje på grunn av maten, som er heilt ok, men på grunn av internett-tilgangen som er rask, stabil og gratis. Litt lenger borte i gata fins La Roca, der maten faktisk er svært god, og rett over gata frå La Roca er Ruby's, ein koseleg bar som mynta på utlendingar som ikkje er sex-turistar. Der er det både karaoke og jam. Ved Ruby's startar vegen ned til stranda, og her startar og bodene. Alle bodene inneheldt stor sett det samme: t-skjorter, capser, sarongar, smykker, maleri, sigarar og rom. Utanfor alle bodene sit dominikanarane og seier «please look at my shop» og «special price today». Til tider kan det verte litt mykje mas, men det avtar som regel etter dei første dagane.


Små bodar og barar fins det langs heile strada. Sjølv om det er litt mas, har det og sin sjarm. Det har vore snakk om å rive alle bodane langs stranda og lage svære resorts der i staden for. Det fins allereie mange slike avlukka samfunn på den dominikanske republikk, og eg har høyrd at så mange som 98% ikkje forlater anlegga under heile opphaldet, dette er stort sett amerikanske og kanadiske turistar.





Men iallefall, vi går til stranda stort sett kvar dag det er ver til det. Vi endar som regel opp på Scandinavian Bar der innehavaren heiter Tom Nilsson og er frå Oslo. Det er typisk her nede at dei plassane som har halde på ein stund har utanlandske eigarar. Grunnen er nok at dei har ein litt anna arbeidsetikk enn dominikanarane. Iallefall er Tom ein hyggeleg fyr, dominikanarane som jobbar for han er hyggelege, maten er god og rimeleg, og stranda der han leiger ut stolar er og fin. Vi feira og 17. mai på baren til Tom, han hadde laga nydelege kjøttkaker med alt tilbehør, som vi åt med god akevitt til. Vi var totalt 5 nordmenn der, pluss nokre danskar, svenskar, amerikanarar og ein kandiar som meir enn gjerne var med på å feire grunnlovsdagen vår!


Meir i neste rapport,


mvh Tarjei, Christina og Aurora :)



onsdag 1. april 2009

San Francisco Mars 2009



Har akkurat vore 4 dagar i SF på GDC.

Vil samle all ikkje-GDCrelatert materialet i denne posten (les om det på grindar.blogspot.com). Flyturen bort var som andre lange flyturar. Bra utval på in-flight entertainment, greit å få tak i nok drikke, maten var frå ok til ganske dårleg. Flyturen tilbake er forsinka med 3 timar, så eg sit
no og skriv i avgangshallen medan vi ventar på at den eine startmotoren skal skiftast. Ja ja.

Eg gløymde kamerabagen min på flyet på vegen bort, og det var ikkje så lett å få tak i den. Av dei 10 nummera eg prøvde å ringe (dei fleste gjekk til samme autosvar) var det ingen som kunne hjelpe meg. Så eg reiste ut på flyplassen (heldigvis går det undergrunnsbane kvart 15 min, som tar 25 min kvar veg og kun kostar 5.35$) der representanten til KLM hadde gått for dagen, men eg fekk no iallefall riktig nummer der eg fekk lagt igjen beskjed om at eg sakna kamerabagen. Dagen etter fekk eg telefon om at bagen var komen til rette, men då eg henta den mangla det eine kameraet. Iallefall bedre enn å miste begge.


Hotellet, Best Western Americania , vart valgt ut frå to kriterier: avstand til konferansesenteret og takbasseng. Romma var fine, og betjeninga var hjelpsame. Hotellet hadde ein artig 60-tals stil, og frukosten (som ikkje var inkludert) vart servert i Cusom Burger. Det ligg på 121 7th street, kun eit par minutts gange frå BART , som er namnet på undergrunnen i SF, som har ruter til flyplassen. Strøket rundt er noko spesielt for ein normann, med uteliggarar, tiggarar, alkisar, narkisar og bomsar, kort sagt ein del rare folk. Eg følte meg ikkje direkte trua, men var ekstra på vakt. Eit par minutt nord for hotellet ligg Market, og langs market fram til 5th street er det litt lugubert. Men frå 5th street vert det plutselig flott og fancy shoppingområde. Det området vert kalla Union Square etter ein open plass like nord for Market.

Første kvelden var egentlig planen å ta ein liten tur ut på kvelden, men tidsforskjelen, den lange reisa og lite søvn natta før satte ein stoppar på det. Kvelden etter derimot kom reisefølget Fredrik og Jan frå TurboTape , og vi tok ein runde sør for hotellet vårt. På Folsom Street gjekk vi forbi den kombinerte bar/cafe/myntvasken Brainwash , som visstnok er ein bra sjekkeplass, deretter forbi City Beer Store som hadde rikholdig øl-utvalg (1$ ekstra for å drikke ølen i baren) til og med det norske spesialølet som lagast på den nøgne ø . Men det var faktisk sult som var det største behovet, så vi endte opp med eit sabla bra måltid på Indian Garden Restaurant . Etter dette var det kveld for dei nyankomne, men for min del bar det til Annies Social Club på 917 Folsom.

Dersom du tenkjer deg at Garage i Bergen hadde holdt på dobbelt så lenge,
utan noko særleg opp-pussing, så har du plassen. Det er ei lita livescene der, og den kvelden eg var der var dedikert til «The Worlds Most Dangerous Bands III». Det største bandet var ArnoCorps , eit band som har latt seg sterkt inspirere av delstatens guvernør. Kostymene vart tatt frå filmar som Commando og Predator, og dette var og låttitlar, saman med Terminator og Running Man etc. På plakaten stod og Zombies on Crack og Count Dante.

Heilt bakerst i lokalet var det eit lite karaokerom av alle ting. Der var og stemninga høg, og då tre jenter song «Don't Stop Believing» av Journey, tok det heilt av. Den låta rører ved den amerikanske folkesjela på ein måte til og med Bruce Springsteen berre kan drøyme om. Helvete heller, eg trur den låta ER den amerikanske folkesjela.

Dagen etter starta med shopping, hovudsakleg kjøpte både eg og Jan nye kamera, før ferden gjekk til Mexico! Vi tok BART til Mission og 24th, og følgde 24th mot aust. Mykje meksikansk kultur, både i dei utalllige meksikanske restaurantane og i dei fargerike veggmaleria. Heile sidegata Balmy Alley er freda, med store "murals" heile vegen. Her var det tid for fotografane å gå amok. Etterpå åt vi VolcanoEl Delfin , god mat, og vi fekk smake det utmerka mørke meksikanske ølet Negra Modelo . Det var digg!

Neste dags bar-runde tok oss først til Chinatown. Buddah Bar freista i navnet, men ein sliten folketom bar gjorde at vi gjekk over gata til Li Po . Det var ikkje mindre sliten, men hadde iallefall eit par gjestar ved disken. Sitjegruppene var i raud skai, og det var eit godt utval TOTO-låtar på jukeboksen. Det var ein sånn type bar der godt Jackie Chan kunne kome inn, knust halve baren over hovudet på skurkane han hadde etter seg, og deretter forlate plassen utan at klientellet lot seg affisere. På Li Po møtte vi Ivar frå Funcom , og han inviterte oss med på Minx , som låg nært Japantown.

Minx er kanskje favoritten frå turen, liten koseleg bar med retro møblement, engasjerte stamkundar og god musikk. Vi kom midt i ein quiz-seanse, og stemninga var høg!

Siste kvelden min i SF tok vi med oss Edvin frå Agenius , og prøvde å finne ein restaurant nært hotellet. Heldigvis for oss falt valet på den brasilianske Bossa Nova , god stemning og knall god mat om enn litt små prosjonar for norske magar. Den kan og anbefalast. Etter ein meiningslaus stopp på ein kjønnslaus gamerfest på eit kjedelig lokale, fann vi heim til The Hemlock Tavern . Skikkelig bule, med innandørs nesten-lovlig røykerom, som skjenka oss villig vekk rom og ingefærøl. Det mest komersielle på jukeboksen var Motörhead og Melvins, noko som dugde i massevis for oss! Så bar det heim, med eit stopp på den for oss ukjente Carls Jr . Men det er egentlig ingenting ukjent med amerikansk junkfood på veg heim frå byen.