onsdag 18. mai 2011

Japan Juli 2010

Nishiki matmarknad i Kyoto
Best å få ut denne reiseskildringa frå forrige sumar før årets sumarferie! Vi hadde ein fantastisk tur til Japan, ingen tvil om det, katastrofene dei siste månadene har gått ekstra inn på oss av den grunn. Vi håpar på snarleg  reparasjon av skadene, og oppmodar om å støtte gjenreisingsarbeidet.

Forrige bloggpost slutta i Busan, og frå Busan til havnebyen Fukouka i Japan er det ein kjekk båt-tur på eit par timar. Vi etterlot resten av reisefølget vårt i Korea, så her var vi på eigenhand. Etter å ha konstatert at det var venstrekøyring i Japan fekk vi ein taxi til togstasjonen Hakata. Fukouka var tidlegare to byar, skild av elva , nemlig Fokouka og Hakata, derav namnet på togstasojonen. Vi fekk oss billetter til Shinkansen, eit par flasker vatn, eit par bollar og noko som såg ut som godteri men som ikkje var det, og døste oss gjennom enno nokre timar i 300 km i timen gjennom landskapet til vi kom fram til første stopp på turen: Kyoto.

Kyoto

På togstasjonen i Kyoto var første gongen eg følte meg litt bortkommen på turen. Aurora var sulten, eg prøvde å finne ein bolle eller hotdog, men det var ikkje så lett! Det var mykje rare ting der av sjømat, ris, tang og tare, men å finne noko vi var sikker på at Auroa ville ete, det tok litt tid. Vi endte opp med nokre kjeks som gjorde jobben. Å få taxi til hotellet var heller ikkje så lett, kommunikasjonen var litt haltande med sjåføren, han kjente ikkje til hotellet ettersom det var nytt, gateadresse hjalp heller ikkje, og vi hadde ikkje fått telefonnummer til hotellet. Eg brukte googlemaps for å visa kor hotellet var, og dei 6 megabyta eg tok ned gjennom det japanske mobilnettet kosta meg 600 kr! Men, vi kom fram, etter eit par mintutts køyretur frå togsatsjonen. 

Koselege bakgater i Kyoto.
Vi budde på Citadines Kyoto Karasuma Gojo og det var heilt perfekt. Kor veg til buss og t-bane, og gåavstande til mange attraksjonar. Kvartala bak hotellet var fyld med små japanske gammaldagse hus i smale gater, nestan utan bilar. Alle husa hadde små japanske hagar foran inngangen, små altanar og skyvedørar i rispapir. Det var ein fryd å gå gjennom gatene, og det gjorde vi kvar dag vi var i Kyoto. Eit par kvartaler nord  for hotellet ligg handlegata Shijo Dori, og litt mot aust ligg den kjende Nishiki-marknaden. Det mest facinerande i handlegata var underetasjen på shoppingsenteret, som hadde eit enormt utval av mat av alle kjende og ukjende slag, der kunne vi gått i fleire dagar til ende.

I sentrum av Kyoto besøkte vi Imperial Palace Garden, palasset var diverre stengt den dagen vi var der, men hagen var fin. Der såg eg og dei største kråkene eg nokogong har sett, dei var så store at eg tenkte med sjølve meg, skal tru om den kråka vil drepa meg, hei fara! Vi fekk om med oss Kyota International Manga Museum, som var verdt eit besøk, sjølv om eg nok hadde hatt meir utbytte om eg hadde kjent bedre til sjangeren. Det hjelper aldri på å ha med seg ein utålmodig 1,5åring på museum heller, men det var iallefall leikerom der, og vi fekk teikna oss i mangastil av en japansk teiknar. 
Manga family!
Kyoto er kjent for Gion-området. Ein gammal bydel rundt Kamo-elva, der dei mytiske Geishaer kan sjåast på nært hold, enten på gata eller i vindauga, speielt langs Shirakawa-kanalen. Ein føler seg verkeleg i tradisjonelle Japan etter ein tur der på kveldstid.

Andre ting som er greie å få med seg i sentrum er eit par av dei utallige templa, togstasjonen som i tillegg er eit gedigent kjøpesenter, og Kyoto Tower som er eit utsiktstårn på 100 meter med god utsikt. Her er utsikta:
Guds blide åsyn på Kyoto.
Ca ein halvtime med buss frå sentrum ligg Susukinobaba-chō-området, med ei rekkje større og mindre zen-buddistiske tempel. Eit av dei største er Tenryū-ji-templet, som er på UNESCO's verdsarv-liste. Spesielt var hagen rundt templet fantastisk, den var vakker og vi følte stor ro der. Ein promenade gjennom ein flott bambus-skog leia til fleire tempel, og det templet vi likte best var knøttetemplet Gioji. Lite og enkelt i ein lysning i skogen. Flott!

Mat vart det og på oss Kyoto, alt frå biff bestilt frå automat og servert på bordet, ein god lunch i eit lokale der det såg ut som ninjaer kunne komme hoppande gjennom papirveggane, fast-nudlar på ein togstasjon, tradisjonell sushi-bule og tempura i shoppingsenter-restaurant. Alt svært godt, interessa for japansk mat har ikkje minka i løpet av turen!

Eige avlukke innerst i lokale for forretningsmenn med skumle åsikter.
Tokyo

Shinkansen tok oss kjapt og trygt fram til sjølvaste Tokyo! Vi gjekk av toget, spurde etter hjelp fleire gonger og kom oss endeleg på rett bane til hotellet vårt. Det tok eit par feile banebytter, ein stasjon lenger enn vi hadde trengt, trappegåing med all bagasjen + vogn i ein av stasjonane langs undergrunnen som ikkje har heis for vi kom fra, så vi var godt slitne då vi kom til Tokyo Prince Hotel. Etter at vi først hadde fått eit knøttlite rom, deretter eit stort innrøykt rom med maur, fekk vi endeleg eit rom som var bra. Hotellet var sikkert topp på 60/70-talet, og det har nok ikkje vore pussa opp noko særleg etter det. Men, triveleg personell, god frokost og gode restaurantar gjorde at det vart eit fint opphald der og. 

Hotellet ligg like ved Tokyo Tower. Hovud-oberservasjonsdekket ligg på 150 meter, men det er eit anna obervasjonsdekk som ligg på 250 meter! Eg lovar at eg seint kjem til å gløyme utsikta over Tokyo by night frå 250 meter, så det faktisk eit must om ein er i Tokyo. 
Tokyo by night, frå 110 meter.
Morro for barn og vaksne stod på programmet, først var det ein dag i Tokyo Disneyland. Denne parken, og søsterparken Tokyo DisneySea er dei einaste Disneyparkane som ikkje er eigd av Disney, dei vert drivne på lisens. Uansett var det kjent og kjært, og i forhald til Eurodisney er parken både reinare og trivelegare. Som eg nemnde i bloggposten om Sør-Korea er asiatar mykje meir opptatt av slike parkar enn europearar. Der var det hårbøyler med utvalde Disneyøyrer over ein lav sko, og ellers alle andre tenkjelege og utenkjelege Disnney-klesplagg å sjå. Men! I Japan likar dei ikkje tattoveringar gitt, dette heng saman med at det tradisjonelt sett er medlemmer av den kriminelle organisasjonen Yakuza som let seg tattovere. Tattoveringar er forbode ved hotellets basseng, og det var ikkje snakk om å få ta bilde med Mikke Mus for dei tattoverte. Vi løyste det ved at eg hadde Aurora på den tattoverte armen min. 
Sjekk høgre foten min - ta den du Mikke!
Det var ikkje all verdens rides vi kunne ta med ei så lita jente, men fekk med oss den skumle Snøkvit, Roger Rabbit, A Small World (som er koseleg), og den store favoritten til Aurora: Ole Brum! Ellers var det å merka seg at Aurora beit ein stakkars liten japansk gut i armen, som sikkert kjem til å ha mareritt om blonde vestlege jenter i årevis, og at dei sel kald grøn te på Tingelingflakser! Eg fekk skikkeleg sansen for den kalde grøne teen, det er skikkeleg forfriskande i varmen.

Før vi reiste fann vi ut at det fins eit Hello Kitty-land i Tokyo (egentleg heiter det Sanrio Puroland). Hello Kitty er populær i heimen, så vi rekna med at ein tur der ville vera stor suksess. Der tok vi feil. For det første var heile parken bygd opp med masse trapper og nivåer, slik at vi måtte setje frå oss vogna utafor. Det var ikkje noko suksess med ei lita jente som likar å sove litt midt på dagen. Det var nesten ingen rides, det var eit par teater som viste sang og dans på japansk, det var heller ikkje noko suksess for oss, og i tillegg framstod heile plassen som ein stor butikk for Sanrio-produkter, langt verre enn Disneyland. Prisen var om lag det samme som på Tokyo Disneyland, og i tillegg måtte ein betale for det meste der inne. Det som var suksess, var at Aurora fekk treffe Hello Kitty (det fekk eg og, til tross for tattoveringane). Sur og trøtt var ho stakkar, og vi venta lenge før vi fekk komme til, men då ho endeleg fekk treffe Kitty gav ho figuren ein mykje lenger klem en nokon av oss foreldre nokongong har fått! Uansett, vi tilrår ikkje folk å ta turen der, bruk heller ein ekstra dag i Tokyo Disneyland. 
Kitty får ein laaaaaang klem!
Vi fekk helse på diverse Kitty-relatert personell; kjæresten, venninna, bestemora og mange andre dyr.
Meg og Aurora slår av ein prat med duden til Hello Kitty: Dear Daniel.
Vi likar godt å vardre litt rundt i store byar, og her er eit forslag til "Tokyo walk" på ein sundag: Ta t-banen til til Shinjuku, sjekk ut området rundt med blant anna megashoppingsenteret Takashimaya Times Square. Gå deretter mot sør, langs jernbaneskinnene, der fins det ein del gode kafeear og restaurantar. Fortset mot sør til du kjem til Meiji jingu, ein heilag plass dedikert til Keisar Meiji m fru. Det er ein svær park med fleire flotte bygg. Der bør du sjekke ut det obligatoriske tempelet, der ein postar bøner på små trebitar. Utgangen sør i parken tar det til Harajuku. Mange unge japanarar kler seg ut og samlast på Jingu-bruk kvar sundag, og området er viktig generelt sett for ung japansk mote. Vi venta oss "freaks&geeks" i store mengder der, men det var heller labert oppmøte med eit par ungdomar i goth/emo-stil som delte ut "free hugs".

Fortset ein mot vest har ein Yoyogi National Stadium til venstre og Yoyogiparken til høgre. Yoyogiparken er kjent for sine rockabillydansarar, og det var noko vi ville ha med oss. Det var både tradisjonelle 50-tals svingdansarar i skjørt og dress, og den spesielle varianten med klede av skinn og lær, boots og enorme frisyrer. Dansen er (trur eg) ein blanding av rockabilly, street dance med elementer av hipihop. Artig var det uansett!



Etter parken tar du til venstre, altså mot sør og kjem til ein marknad (og det er framleis sundag). Den øverste delen er loppemarknad/second hand, med hovudsaklig ræl og vestlige bruktklede som nok er meir spanande for japanrarane enn for oss, og den nederste delen hadde mest matbuer, med hovudvekt på økologisk/vegetar/veganar-mat. Etter parken ender ein opp i Shibuya.

Shibuya er kjent for shopping, mote, uteliv og generelt mykje folk! Då vi kom dit var det starta å mørkne litt, som er bra, for rundt Shibuya stasjon er det mange høge bygg med ekstemt store reklameskjermar. Skikkelig "Bladerunner-moment" der for min del, ein av tinga eg gleda meg til ved denne turen. Å sjå på folkelivet der er heilt fantastisk, og fotgjengarovergangen ved stasjonen er kjendt over heile verda:



Dersom ein er teknologi-interessert, slik som meg, bør ein få med seg Akihabara, og kjend som electric town.  Der fins alt ein kan tenkje seg innan elektronikk, data og spel, frå dei dyraste systema til enkelt-komponentar av alle slag. Christina og Aurora nytta høvet til å slappe av på cafe medan eg raste rundt der. Mykje høg lyd og artige ting å sjå over alt, og i bakgatene gjekk det an å få iPad-kopiar for rundt 1500 kr. Artig!

Maten i Tokyo var mykje det samme som Kyoto, bortsett frå at det vart ein del kjip themepark-mat. Som oftast vart det nudlar på hotellrommet til middag, ettersom det var bortimot umogeleg å få Aurora til å sitje i ro  gjennom eit heilt måltid. Men vi fekk iallefall besøkt ein autentisk kaiten-zushigod og billig mat, ca 100 kr for to personar inkludert øl og te! 

Alt i alt er Japan eit flott, eksotisk og trygt land å reise i. Dersom du har litt sansen for japansk mat er det heller ingen problem med kosten, heller tvert i mot, men i verste fall kan du overleve på nudlar og McDonalds. Vi trivdes svært godt, og reiser gjerne tilbake!

Sayonara, lukke til med gjenoppbygginga, og på gjensyn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar