lørdag 20. juni 2009

Karibien 3: Sjonkel Rolf og huset med det rare i

- aka sanninga om 9/11, kongen av verda, ufoar og Berlinmurens fall!

IMG_1306

Like oppi gata frå her vi bur i Sosua ligg det eit snodig musem. Vi har vore utafor tidlegare, og arkitekturen er litt moské-aktig med høge spir, sirklar og diverse. Då vi i dag gjekk inn forventa vi litt dominikansk kunst, ala maleria og figurane som vert seld på stranda her, men det som møtte oss var noko anna. Noko heilt anna.

Ein tyskar som heiter Rolf møtte oss. Sjølve huset er eit prosjekt han har jobba med i 20 år, og det er enno ikkje heilt ferdig. I den første etasjen var det ein god del svære steinhovud, gjerne 1-1,5 meter i høgde, laga i massiv stein. Dette hadde han fått laga av folk frå Haiti, og greske filosofar var eit gjengåande tema. Og ganske kjapt starta ting å verte ganske merkeleg. Det var mange maleri i dei ulike romma der, nokre av dei malt på veggane, nokre av dei måla på lerret. Nokre av dei hadde han måla sjølv, nokre hadde han skissert opp og fått haitarar til å fargelegge, og nokre hadde han berre fortalt andre malarar (stort sett haitarar) kva han ville han måla.

Huset var i seg sjølv fascinerande nok, eit kråkeslott av ei anna verd med høge spir, små rom, smale gangar, trapper og avsatsar. Etter Rolf sitt utsagn fins det ikkje teikningar av huset, han har kun laga skisser som bygningsarbeiarane har jobba etter. Viss du synes dette høyres rart ut, er dette ingenting samanlikna med kva ha fortalde etterkvart. Han starta roleg med å vise maleri som viste byar under vatn, og han meiner at det fins mange av dei, det står om dei på internett, og at jorda no er på veg til eit klima som gjer at det snart vil fins fleire byar under vatn. Like ved var det eit maleri som viser koblinga mellom pyramidene og romvesen. Han hadde vore i Egypt, og hadde betalt ein guide 100 $ for å få sjå ein svær steinblokk som det hadde vore umogeleg for egyptarane å lage sjølv. Deretter fortsette det med romskip-historier, og bilete om temaet. Den Dominikanske Republikk har visstnok høg romskipaktivitet. Han viste eit maleri av nokre romskip som skal ha kome opp frå havet ved Punta Cana, på søraustkysten av øya. Han trur at skipa er besøkjande frå ei anna tid, mest sannsynlegvis fortida.

Rolf and his UFO's

Ein annan tematikk som gjekk igjen, spesielt i dei øvste etasjane i huset, var Mundo King, eller Verdskongen. Ein av Rolf sine visjonar av verdskongen var ein feit tjukk gamal mann som styrte verda med ei naken dame i eine handa og ei bombe i den andre. I ein skulptur er han avbilda med ein filosof på kvar side, som om han støttar seg og rettferdiggjer handlingane sine på dei store tenkjarane. I dei øverste etasjane tar dette heilt over, og Mundo King får her si eiga seng, sin eigen stol til å styre verda frå, og sitt eige alter. Ganske sært. Eit apropos her er at Aurora (6 md) vart meir og meir uroleg etterkvart som vi kom oppover i huset, og ho er som regel svært roleg når ho er i bæresæla. Kanskje ho ensa noko, enten ved Rolf, motiva hans, eller noko heilt anna?

The Mundo King

For å toppe det heile viser han eit bilete som han stilte ut i Hamburg i 1994. Biletet viser ein engel som peikar på Twin Towers i New York som står i flammar. Dette bildet fekk nokon arabarar sjå, og dei meinte då at Allah hadde snakka til dei gjennom biletet hans. Difor meinte dei og at Allah måtte vera hans gud. Då han ikkje ville gå med på det, trakk dei ut tenna hans og slo han hardt i hovudet. Men Rolf stod på sitt. Vidare seier Rolf at flybillettane til flya som vart kapra alle er tinga her i Sosua, og at flykaprarane møttes her like før kapringane tok plass. Kvifor sa han ikkje noko om, men kanskje fordi maleriet er her?

The painting that supposedly inspired the 9/11 attacks.

I tillegg (kanskje for å vege opp) meiner han og at han har inspirert Berlinmurens fall.

Om alt dette er sant, skal eg ikkje eg seie noko om. Men, dersom du er i Sosua bør du iallefall ikkje gå glipp av Museo del Arte!

Lenke til Flickr-set med bilder frå museet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar