tirsdag 7. juli 2009

Karibien 4: Santo Domingo



Santo Domingo er hovudstaden i Den Dominikanske Republikk. Der bur det 4 millionar, så det er ein riktig storby. Turen der tar 4,5 timar frå Sosua med ekspressbuss, og den er svært smertefri ettersom iallefall bussen vi tok (metro) hadde både gode seter og god aircondition. Stasjonen her i Sosua er like ved der vi bur, medan den i Santo Domingo ligg eit stykke frå downtown iallefall, så her måtte vi ta ein drosje til hotellet vi skulle bu på: Coco Boutique Hotel.



Coco Boutiuqe Hotel er eit lite hotell, og har berre vore opent i eitt og eit halvt år. Dreve av eit svært hyggeleg par som er irsk/gresk og portugisisk, var det her skikkelig stil over sakene. Fruen i huset er interiørdesignar, og dette bar hotellet preg av, dei brukte det og for å vise eksempel på interiørdesign (det er visstnok stor etterspurnad etter interiørdesignarar på den dominikanske republikk om nokon er interessert i det). Hotellet låg i ei lita bilfri blindgate med ein liten open park utafor, og svært sentralt i Zona Colonial, den gamle bydelen. I tillegg, og svært bra for oss, har dei ein son som heiter Eros som er på same alder som Aurora, så der fekk vi låne badekar, grautskåler, barneseter etc.

Zona Colonial



Mykje av dei gamle ærverdige bygningane i Zona Colonial vart bygd rundt 1500-talet, av Columbus og banden hans. Seinare prøvde banditten Sir Francis Drake å øydelegge så mykje av det han kunne klare, men det er enno mykje igjen å sjå på.

Den første ettermiddagen vi kom gjekk vi gjennom gågata El Conde som går gjennom heile Zona Colonial, frå statua av Columbus i Parque Colon, ved Catedral Primada de América, til Puerta del Conde, eit viktig monoment for Dominikansk sjølvstende der blant anna det Dominikanske flagget vart heisa for fyrste gong. Det som fylde gata var ein blanding av Europris-type butikkar, Sparkjøp-type butikkar som lukta mugg, amerikansk fastfood som Pizza Hut og KFC samt dei sedvanlege rom/sigar/juggel-sjappene. I utgangspunktet synes eg dette var litt kjipt. Men, når eg tenkte meg om, kva var alternativet? At gatene hadde vore fyld med europeiske motehus med varer til samme pris som heime, slik som det ofte er i gamlebyane i tidlegare Jugoslavia? Kva vil ein egentlig sjå som turist: vil ein sjå ein plass som er laga til for turistar, eller vil ein sjå litt korleis folk lever der? Eg stemmer for det siste, og det er det (for det meste) ein får oppleve i Santo Domingo.



Langs elva Ozama ligg mykje av dei gamle bygga. Frå huset til Columbus (sonen) nord ved Plaza Espana og til Fortaleza Ozama som ligg heilt ved det karibiske hav. Går ein litt lenger inn i byen, finn ein to ruinar: Det gamle sjukehuset til San Nicolas de Barí og San Francisco-klosteret. Sjukehuset var ope for publikum, og ved å gå gjennom ruinane der kunne ein sjå at det hadde vore eit staselig bygg. No var det hundrevise av duer som budde der.

Litt nord for sjukehuset ligg dei svære ruinane av San Franciso-klosteret. Dette er i utkanten av Zona Colonial, og det sat ein god del folk i den nordre delen av ruinane, der det er ein park. Vi følte oss vel ikkje direkte utrygge, men holdt litt ekstra fast i kamera og verdisakar. På avstand såg vi at det låg nokon uteliggarar der, og det første vi såg då vi kom inn i parken var ein naken gamal mann som dreit på ruinene. Har ein det tøft, er nok ruiner frå 1500-talet det siste ein bryr seg om. Ruinane var stengt for publikum, men det var eit imponerande bygg det og!

Malecon



Neste dag tok vi først turen langs strandpromenaden (Malecon). Den starta like ved hotellet vårt, og det første ein ser er ein 50 meter høg statue av presten som kjempa for dei innfødte sine rettar. Og det var ikkje nok vakkert syn han skua utover. Like under statua var noko som kunne vore ei fin strand, som no tilsynelatande var okkupert av heimlause. Stranda var i tillegg full av boss, og dei bossfylde bølgene som slo innover stranda hadde ein gul-brun farge og lukta ikkje noko godt. Vi har aldri bada i det karibiske hav (nordkysten ligg ved atlanterhavet), men det freista definitivt ikkje. Det var og restaurantar med utsikt til dette, men vi såg ikkje noko særleg med gjestar. Strandpromenaden er lang, og på eit tidspunkt må den ha vore flott, med eit yrande folkeliv. No startar den med litt falleferdige hus og strippebuler, og etterkvart ligg det kasinokompleks på rekke og rad. Dei var nok og sikkert flotte, på 70-80 talet.

Etter å ha fått nok av strandpromenaden, gjekk vi for å sjekke det verkelege folkelivet: eit shoppingsenter! Vi tok ein taxi, som tok oss over elva til Megacentro. Til sjåførens store fortvilelse, men heldigvis for oss, var den vanlege brua stengt, så vi fekk ein lang tur gjennom fleire bydelar. Små gater med små hus, dei fleste med to etasjer eller mindre, små bodar og butikkar, alle i sterke fargar. Megacentro var som ein amerikansk «mall» med butikkar, eit lite tivoli for born, kinoar og ein foodmart. Det var ein heilt grei plass å tilbringe ein halv dag for oss som har budd i ein landsby i 6 veker.

Vi var på 3 restaurantar, og alle kan anbefalast. Mesón D' Barí har tradisjonell og svært god mat, El Falafel har god orientalsk mat og eit flott lokale, og Taverna Vasque har god tradisjonell baskisk mat, sjølv om ei suppe med 10-15 heile små blekksprutar vart litt i meste laget for min del.

Totalt sett likar vi Santo Domingo svært godt. Med sine smale gater, sin koloniale stil og sine mange opne plassar minner den om ein spansk eller italiensk by. Svært sjarmerande. Folk er og venlege der. Og om kvelden, då trekk folk ut av husa sine, og møtast på dei opne plassane, eller fortaua, eller i gata, og spelar bondesjakk, domino, eller berre pratar over ei kald øl dei har kjøpt på den lokale kiosken. Kanskje det ikkje er noko bra på tv der?

1 kommentar: